Korleis vurdere kjelda sin kvalitet og relevans?
Modul: Lese for å skrive
Er kjelda du har framfor deg noko du kan og bør bruke i di oppgåve? Det er fleire måtar du kan finne ut det på. Her finn du nokon tips til korleis du kan vurdere og avgjere kor relevant og god ei kjelde er.
Er kjelda relevant?
Dei kjeldene du vel å bruke, må vere relevante for teksten din. Ved å skumlese kjelda, kan du ganske raskt undersøke om kjelda er relevant, og finne ut om du bør lese kjelda grundigare, eller om ho ikkje er verdt å bruke meir tid på. Å skumlese kjelda er ein overflatisk lesemåte, der målet er å få raskt overblikk over hovudpoenga. Du kan skumlese ei kjelde ved å sjå gjennom innhaldslista og lese samandraget, eller sjå etter stikkordregister og litteraturliste. Du kan bla gjennom teksten for å få oversikt over kapitteloverskrifter og sjå etter innleiingar og konklusjonar. Det kan vere lurt å sjå etter delar av teksten som kan vere relevante, til dømes ved å sjå etter utheva ord og lese dei innleiande setningane i nokre av avsnitta.
Kva kan kjelda tilføre teksten din?
Når du vel om kjelda er relevant for teksten din, må du også ha eit bevisst forhold til kva kjelda kan tilføre teksten din. Vil kjelda du les på nokon måte styrke dine argument? Bidrar argumenta i kjelda til å støtte opp under konklusjonen din? Eller kan du òg bruke kjelda på ein anna måte enn til å berre forsterke dine eigne synspunkt? Kanskje kan dei tilføre eit perspektiv du ikkje hadde tenkt på før, eller ha andre svar på problemstillinga?
Er kjelda objektiv og truverdig?
Det er viktig å kunne stole på at dei kjeldene du vel. For å vurdere kvalitet på ei kjelde, må du vurdere i kva grad den er objektiv. Ein måte å gjere det på, er å stille deg spørsmåla: Kva er formålet med teksten du les? Prøver den å informere eller å påverke? Er argumenta gode, og er dei belyst frå fleire sider? Og kan det tenkjast at det er nokre argument det ikkje blir gjort greie for, fordi forfattaren har ein agenda han vil fremje?
Eit teikn på at kjelda er av god kvalitet, er at informasjon kan bli etterprøvd. Til dømes ved at teksten viser til andre kjelder, og at metodar og resultat er framstilt på ein sånn måte at andre kan gjennomføre tilsvarande forsøk. Du kan òg sjå etter anna litteratur om same tema, og samanlikne resultat og argumentasjon.
Når du har funne ei kjelde du meiner er relevant, er det viktig å vite om du kan stole på informasjonen du finn der. Sjekk om forfattaren er tilsett ved ein vitskapeleg institusjon eller har anna relevant bakgrunn. Undersøk om kjelda har litteraturliste, og vurder korleis litteraturen er brukt i teksten. Les du ein vitskapeleg artikkel, bør du finne ut om den er fagfellevurdert.